onsdag 6. juni 2012

Kvitveisen kom i år og
Ei skinande fonn
På same gamle plassen
Så kan ikkje alt
vere heilt på skeive
Må vere noko i mold
som ikkje gir seg,
noko vi ikkje har fortent
om lag som pengar og bibelord
frå ei gamal tante
når vi har rangla opp matbudsjettet

Jon Tolaas

Ingen kommentarer: