mandag 19. mars 2012

EG VISSTE IKKJE

Eg visste ikkje
at eg kunne velja livet,
eg trudde
eg måtte ta imot det.
Eg visste ikkje
at det var mange opne
vegar der framom,
at det var min angst
som stengde.
Eg trudde eg måtte
bu bak sperrer,
at det var lagnad
og mitt lodd.
Eg sov så lenge,
at eg nesten mista
ein gryande dag.

- Bente Bratlund  –

Ingen kommentarer: