torsdag 22. mars 2012



Fuglen av logen

Opp av den herja grunnen
vil det stige
nytt, men kjenneleg og ukueleg,
det du er i pakt med.

Kor lenge har du kalla i fåfengd?
Ikkje eit sekund.
Til fåfengd kallar ingen i mørke netter,
det er berre du som ikkje ser.

Du græt over det øydde
og strøyer oske på deg sjølv
og ser ikkje Fuglen Føniks
inni logen.

Kallar du
kallar du enno?

Tarjai Vesaas

Ingen kommentarer: