Viser innlegg med etiketten Til livet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Til livet. Vis alle innlegg

onsdag 6. juni 2012

Til livet

Mitt liv, eg lovar deg høgt og dyrt:
Ikkje før døden det vil
sloknar min brennande elskhug til deg,
og gleda: å høyre deg til.
Og svaret ditt kling ifrå alt eg ser
og høyrer ved dag og natt,
i alt det du gjer meg, i alt det som skjer:
Eg elskar, eg elskar deg att!

Halldis Moren Vesaas