tirsdag 17. april 2012


Eg vil ikkje vere snill og grei
for er du snill og grei
lar du berre det som er
som andre meiner at er
vere der
Eg vil at det som ikkje er
skal vere der
Eg vil gjere det eg vil
ikkje fordi eg vil det
men fordi alt då blir noko anna
enn viss jeg lar vere å gjere det eg vil
Og i noko anna
det er jo der det lyser
av alt som elles
ikkje lyser
og berre
er

Jon Fosse

Ingen kommentarer: