Vøre mitt hjarta av stein,
kunne eg gå gjennom verdi
utan mein.
Alle dei vonde ord
ville møte meg
utan å såre,
utan å setja spor.
Usårleg ville eg stå
midt i den vårlege striden.
Ta imot slag - og slå.
Vøre mitt hjarta av stein-
Nei, heller bogne og bera
stå her og suse
i vinden og vera
ei levande grein.
Jan Magnus Bruheim
tirsdag 17. april 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar