tirsdag 17. april 2012

ORD OVER EI GRIND

Du går fram til mi inste grind
Og eg går fram til di
Innanfor den er kvar av oss einsam
Og det skal vi alltid bli


Aldri trenge seg lenger fram
Var lova som gjaldt oss to
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
Var møtet tillit og ro


Står du der ikkje ein dag eg kjem
Fell det meg lett å snu
Når eg har stått litt og sett mot huset
Og tenkt på at der bor du


Så lenge eg veit du vil koma i blant
Som no over knastrande grus
Og smile glad når du ser meg stå her
Skal eg ha ein heim i mitt hus


Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer: